Generelt om hudbehandling med medisinsk laser og iPL
All medisinsk laser- og lysbehandling er ein balansegang mellom tilstrekkeleg og skadeleg lysenergi. For lite lysenergi gir for lite varme og vil vere uverksam. For mykje lysenergi gir hudforbrenning. Nokre gonger behandlast bevisst slik at huda blir lett forbrent, noko som kan likne på ei lett solforbrenning, og er ikkje skadeleg. Type hudproblem, type hud og den einskilde pasienten sin respons på behandlinga varierer.
Ofte kan ein få ei god peiling på effekten med det same og ein kan starte behandling direkte. Andre gonger bør ein prøvebehandle berre eit lite hudområde og la det gå nokre dagar for å kunne gjere ei kvalifisert bedømming av effekten. Dermed kan ein innstille apparatet for den einskilde pasient.
Lys må verte absorbert for at energien skal bli omgjort til varme. Dess kraftigare farge, dess meir lysenergi vert absorbert. Dei pigmenta som er mål for behandlinga er melanin og hemoglobin. Melanin er brunfargestoffet i huda, hemoglobin er det som fargar blodet rødt.
Mørk hud absorberer mykje lysenergi og blir lett brent av laserbehandling. Kvit hud absorberer lite og toler høg energi utan å ta skade. Dersom det er ei jamt farga hudoverflate vert varmen likt fordelt. Dersom hudområdet har store kontrastar kan ein utnytte det. Ved behandling mot uønska hårvekst er målet å oppnå så høg temperatur i dei hårproduserande cellene i hårrrota at dei vert øydelagte. Dei ideelle omstende for slik behandling er mørke hår på lys hud. Ved sprengte blodkar på beina gjer liknande betraktningar seg gjeldande.
Vi har 5 ulike laserapparat og eit IPL-apparat. Apparata nyttast mest for behandling utapå huda for demping av arr, bedring av rynker, mot sprengte blodkar, hårfjerning, fjerning av pigmentflekkar, vorter, føflekkar mm. Dessuten har vi apparat for tilkobling av laserfiber for innvendig behandling av åreknutar.
Praktisk gjennomføring
Gel vert smurt på området som skal behandlast for å oppnå bedre kontakt mellom hud og laser. Ein gel er ein klar geleaktig substans på vass-basis. Når lyspulsen skytast mot huda kjenner ein varme og ein kort, stikkande smerte.
Ein må ikkje sole seg, ta solarium, bruke sjølbruningskrem eller bruningstablettar i 3 veker før behandling. Dersom ein oppheld seg utandørs må ein bruke høg faktor i denne perioden. Dette gjeld også 2 veker etter behandling. Deretter kan ein sole seg, men hugs at sol aldrar huda. Måtehald er fornuftig for å bevare huda sunn og frisk lengst mogleg.
Du må ikkje bruke: Roaccutan, acetylsalicylsyre eller antikoagulasjonsmiddel (Marevan) samtidig med laserbehandling.
MedArt 435 diodelaser fra Asah Medico
Vi vil vise til eigne sider for dei enkelte behandlingane.
I dag finst eit utal ulike laser- og lysapparat for medisinsk bruk. Kvalitet og yteevne varierer stort. Klinikk Førde har mellom dei nyaste og beste apparata på marknaden i klasse 4. Dei kan nyttast kun av medisinsk personell. Vi kan tilby: Diode-laser, NdYAG-laser, CO2-laser, fraxellert CO2-laser og høgkvalitets-IPL.
Diode-laser
Klinikk Førde har 2 ulike diode-lasere med bølgelengd 810 nm. Dei har litt ulike anvendingsområde og overlapper kvarandre. Vi kan dermed gi eit breiare behandlingstilbod.
YAG-laser fra Lumenis Quantum
MedArt 435
Apparatet leverer maksimalt 90 W effekt og pulslengda kan varierast frå 10 - 1000 msek (altså 1 sekund) - såkalla "superlong puls", som gir optimal behandling på tjukke hår og tett vekst. Superlong puls reduserer risikoen for brannskade på mørk hud ved å forlenge pulstida og redusere Watt-styrken. Naudsynt energi for behandlingseffekt kan dermed ivaretakast. Denne laseren har eit behandlingshode på 5,7 cm2 med scanner og effektiv kjøleplate. Kjølinga reduserer risikoen for hudskade og verkar smertedempande. Det store behandlingshodet gjer laseren veleigna på større hudflater. Laseren kan nyttast til hårfjerning, sprengte blodkar, pigmentflekkar, cuporose mm. Ved endovenøs behandling (ILVO) av åreknutar nyttar vi også denne laseren.
LightSheer diodelaser fra Lumenis
YAG-laser - Lumenis Quantum
Denne leverer infrarødt lys med bølgelengd 1064 nm. Energien absorberast godt i vatn. Denne nyttar vi på tynne blodårer som ikkje lar seg behandle med sprøytesklerosering.
LightSheer
Behandlingshodet er 9 x 9 mm. Den kan gi opptil 1000 W energi og pulslengde på opptil 400 msek. Den nyttast hos oss i hovudsak til hårfjerning. Laseren er blant dei beste for behandling av tynnare hår.
CO2-laser - MedArt 610 (10600 nm)
Tradisjonelt er CO2-laseren blitt mykje brukt i hudforbedrande behandlingar. På solskada hud med pigmentflekker og djupe rynker er behandling med CO2-laser dokumentert mest effektiv, men har også større risiko for bivirkningar. Vanlege CO2-lasere fjerner all hud fra overflata og ned i lærhuda og medfører en lengre periode med sår og rød hud.
MedArt Frx
Fractional/fraxellert CO2-laser - MedArt® FRx
MedArt 610 FRx-laser kombinert med skanner gir punktvis oppvarming av huda med bruer av frisk hud innimellom. Dei små områda med ubehandla hud fører til rask sårtilheling og betydelig mindre risiko for "side-effects". Fraxellert CO2-laser brukes i dag meir og meir og erstatter i stor grad CO2-laser, når det gjeld hudforbedrande behandling.
Quantum IPL fra Lumenis
IPL (pulslys)
Akronymet IPL står for Intense Pulsed Light. Apparatet avgir eit intenst, blitzliknande lys.
Lyskjelda er ingen laser og lyset er i utgangspunktet breispektra, men ulike filter kan settast inn og fjerne lys under ei nedre og/eller over ei øvre bølgelengd. Den avleverte lysenergien kan såleis samlast kring eit relativt smalt bølgelengdområde og kunne avgi nok energi til å gi medisinsk effekt.
På marknaden finst i dag mange ulike lysapparat med høgst ulik kvalitet og yteevne. Apparat som yter for lite energi for å kunne gi varig effekt finst det ein del av.
Mange lysapparat vert feilaktig marknadsført som laser.
Avlevert lysenergi eller intensitet målast i watt (W), lyspulsen kan ha ulik varighet og målast i millisekund (ms) og kan variere stort frå 1 – 1000 ms. Effekten er eit produkt av dei to nemnde parametrane og målast i Joule/cm2 (J/cm2).
Desse apparata avgir ikkje ultrafiolett stråling (1 – 400 nm) og ein kan ikkje bli ”solbrent” berre av laserlys ei tid etter behandling. Likevel påverkar lys- og varmeenergien huda så den er meir sårbar om ein har vore utsett for ultrafiolett stråling i tida før behandlinga, og huda vert meir sårbar for ultrafiolett stråling ei tid etterpå.
Difor må ein ikkje utsette seg for ubeskytta naturleg eller kunstig soling 3 veker før behandling og dei første 2 vekene etterpå. Sjølbruningskrem, spraybruning eller bruningstablettar skal heller ikkje nyttast før behandling.
Ein kan bli direkte brent om laser- og lysenergien er for høgt stilt. I så fall merkast det med ein gong.
Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662 Epost: klin-fo@online.no www.klinikkforde.no
|