Medisinske kremprogram
Obagi Nu-Derm
Obagi Nu-Derm er utvikla av den amerikanske dermatologen Zein Obagi og er i dag ein av det mest solgte og mest potente medisinske hudpleieseriar. Ein behandlingsserie kan føre til ei rekke positive resultat og hjelper mot problem som pigmentflekkar, solskadar, rynker aldersflekkar, kviser, arr etter kviser, store porer og aldersforandringer.
Obagi Nu-derm forynger huda ved å stimulere til auka kollagen og elastinproduksjon. Cellene vert fornya. Hudkvalitet og elastisitet vert bedre. Kremane reduserer hyperkeratose, åpner tilstoppa porar / kjertlar, blodsirkulasjon og væskebalanse vert bedre og huda vil sjå sunnare og friskare ut.
Kremprogrammet vert tilpassa den einskilde sitt hudproblem og pasientane vert fulgt opp med kontrollar. Vanligvis bruker ein kremprogrammet i 18 veker, deretter går ein over på vedlikeholdsbehandling, som kan vare i fleire månader. På denne måten opprettheld ein hudforbedringa og reaksjonane ved evt oppstart til eit nytt fullt program vert unngått.
Det kan oppstå ein del reaksjoner dei fyrste 4-6 vekene. Dette kan vere flassing, tørr hud, raudnad og forbigåande oppblussing av kviser. Reaksjonane kan komme på ulikt tidspunkt, avtar deretter gradvis for så å forsvinne heilt.
Før behandling
18 veker obagi + TCA-peel 15%
Kremprogrammet kan brukast aleine for hudforbedring, men effekten vert optimal om ein gjennomfører ein kjemisk peel eller to i etterkant. Kremprogrammet er ofte obligatorisk i samband med diverse kosmetisk-kirurgiske inngrep.
Obagi Nu-Derm er også fint å kombinere med IPL og iClearXL lysbehandling.
Ein viktig komponent i Obagi Nu Derm-serien er Tretinoin, som er A-vitaminsyre. Denne verkar intracellulært og kan reparere skadde hudceller. Forskning har så langt ikkje kunne finne noko anna stoff enn A-vitaminsyra som har slike verknader.
Syra trenger ned i huda og inn i cellen der den virkar på DNA.
Ytterlegare informasjon finner du på: www.obagi.no
Blue peel
Denne behandlinga kjem helst inn som eit element etter bruk av Obagi heimeprodukt i kortare eller lengre tid. Nemninga kjem av den blå basen som syra vert blanda med. ”Peeling” betyr skrelling.
Metoden fører til at dei ytterste hudlaga flassar av. Basallaget er intakt og gir opphav til ny frisk hud. Arr, rynker, porer og pigmentflekkar vert reduserte eller blir borte. Djupe peel gjev best effekt, men riskikoen for bivirkningar aukar.
Det verksame stoffet er trikloreddiksyre (TCA). Styrkar på 15% og 20 % vert nytta avhengig av hudtype. Peel stimulerer og til nydanning av kollagen og elstiske fibre. Dette gjer huda sterkare og sunnare.
Mange trur at huda vert varig tynnare av ein peel. Det er ikkje tilfellet. Huda vert stimulert til nydanning. Avhengig av styrken på peelen kjem meir eller mindre flassing etterpå. Helingstida varierer frå 6 til 12 dagar.
Behandlinga medfører ei brennande smerte som varer nokre minutt. Ved 15% TCA er dette vanlegvis ikkje noko problem og dei fleste kan gjennomføre behandlinga utan smertestillande midlar. Saman med kald luft frå vifte går dette greitt for dei aller fleste dei få minutta det står på. Ved 20% TCA kan det vere behov for smertestillanede medisin.
Etter behandling vil huda bli stiv, raudbrun og hoven nokre dager før flassinga tek til. Blåfargen vil sitte i eit par dagar.
Dagleg reingjering og ingen "pilling" er avgjerande for eit godt resultat.
VIKTIG! Det vert anbefalt å bruke produkta i minimum 4-6 veker før Blue-peel, og 10-12 veker etter at huda er restituert.
Mange vil vere nøgd med resultatet etter bruk av heimeprodukt og stopper der. Andre ynskjer ytterlegare betring og går vidare med ein Blue-peel. Mange utfører ein ny peel ca 6 veker deretter for optimalt resultat.
|
| | Før behandling
| Etter 14 mnd
|
Md Forte / Priori Md
(Md = Medical Doctor eller lege. Forte = sterk)
Md Forte /Priori Md er utvikla av legemiddelfirmaet Allergan.
Produkta er meir potente og gjev betre effekt på større hudproblem enn dei produkta du finn i parfymeri og hudpleiesalonger.
Glykolsyra (PGA) er virkestoffet i produkta og har den egenskap at den bind vatn, men stimulerer også cellene i huda til produksjon av glykosaminglykaner
(hyaloronsyre er det mest kjente). Desse stoffa bind òg vatn. PGA fører difor til meir fuktig og spenstig hud.
PGA har også positiv effekt på akne, pigmenteringer og inngrodde hår og skjegg.
Effekten kan forsterkast ved pensling med rein Glykolsyre ( 70 & 99 %) i klinikken.
Md Forte anbefales til pasientar uten for store skader, som ynskjer å behalde huda sunn og frisk lengst mulig.
Md Forte har fleire produkt å velge mellom alt etter hudtype og problem.
Det er uproblematisk å oppholde seg i sol ved bruk av glykolsyreprodukt
Duve Medica m/ Light-peel
Klinikkar som har medisinsk ansvarleg lege kan selge dette produktet. Det same gjeld for Obagi og MD Forté.
Dr Zein Obagi introduserte begrepa ”skin restoration” og ”skin rejuvenation”. Desse begrepa vert brukte i stor utstrekning i dag. Dessverre hender det at useriøse produsentar også nyttar desse begrepa og feilaktig marknadsfører produkt som ikkje held mål.
Ein viktig komponent i Obagi Nu Derm-serien er Tretinoin, som er A-vitaminsyre.
Denne verkar intracellulært og kan reparere skadde hudceller. Forskning har så langt ikkje kunne finne noko anna stoff enn A-vitaminsyra som har slike verknader.
Syra trenger ned i huda og inn i cellen der den virkar på DNA.
Dr Obagi sitt kremprogram er effektivt, men gir også ein del biverknader i form av raud hud og flassing. Etter ein Obagi Bluepeel må ein pårekne ei veke borte frå jobben. Duve m/ Lightpeel medfører ikkje fråver frå jobben, men har ikkje så djup effekt. Den må gjentakast om lag 4 gonger for å ha tilnærma same effekt som Obagi Bluepeel.
Duve Medica Hudprogram er også effektivt. Duve-produkta er basert på forskning på solskada hud. I staden for A-vitaminsyre (tretinoin) vert A-vitaminserum nytta. Dette inneheld såkalla retinoider som er forstadiar til tretinoin. I fylgje produsenten vert desse forstadia omdanna til A-vitaminsyre når dei trenger ned i huda og inn i cellene.
Duve-programmet, evt etterfulgt av light-peel, passar derfor godt for dei som ikkje ynskjer den raude huda og ikkje har høve til å vere borte frå jobben i samband med peel.
A-vitaminserum er heller ikkje fotosensibiliserande slik som A-vitaminsyre.
Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662 Epost: klin-fo@online.no www.klinikkforde.no
|