Mesoterapi / Skinrejuvenation
- Restylane Vital®
Restylane Vital er eit nytt produkt innan ”Restylane-familien”. For generell informasjon om hyaluronsyre (hs) visast til innleiinga på Restylane og Botox.
I motsetnad til dei andre Restylane-produkta er ikkje Vital ein filler. Vital vert brukt som skinrejuvenation (hudforbedring) og er veldig bra for tørr og solskadd hud.
Anvendingsområdet er ansikt, hals, bryst og hender.
Heile poenget er å friske opp huda gjennom hs sin evne til å binde vatn. Huda vert fastare og spenstigare.
Restylane Vital vert injisert like under huda med den tynnaste kanylen i svært små einskilddosar fordelt på mange stikk. Restylane Vital har svært små partiklar og fordeler seg jamnt i vevet. Vevet får ein lett elevasjon og huda blir strammare og får ein friskare glød. Restylane Vital kan også vere bra på mindre vevsdefekter som t.d. fine rynker og mindre arr.
Dei fyrste dagane etter injeksjonen vil ein kunne kjenne små kular, men desse forsvinn i løpet av ei vekes tid.
Tre-fire behandlinger med 4-6 vekers mellomrom vert anbefalt. Deretter vedlikehald 1-2 gonger i året.
Det er fint å kombinere Restylane Vital med dei andre Restylane-produkta.
 |
 |
|
| Før Restylane Vital-behandling |
|
Etter Restylane Vital-behandling |
Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662 Epost: klin-fo@online.no www.klinikkforde.no
|