Hudfornying / Photorejuvenation
Før
Etter 3 IPL
IPL representerer eit behandlingsgjennombrot som gjer det mogleg å forbetre huda på mange område som t.d. solskader, solskapte fregner, raud irritert hud, cuporose, små sprengte blodkar, rosacea, fødselsmerker og pigmentflekkar. Lyset har og ein generell oppstrammande effekt på vevet, men effekten her varierer etter hudens evne til å regenerere.
Behandlinga kan tilpassast den einskilde m.o.t. problem og hudtype.
Ein skal vere merksam på at det finnes mange lasere i dag som behandlar små sprengte blodkar og andre som behandler føflekker og atter andre som hevder å glatte ut hud.
Med IPL kan ein få alle funksjonar i ei maskin.
Behandlinga er lite smertefull og ein kan vanligvis gå rett tilbake på jobb etter behandling. Ved behandling av større område med mange blodkar kan huda bli raudblå og hoven nokre dagar. Ein sjeldan gong kan det oppstå små sår, men desse gror vanlegvis i løpet av nokre dagar. Det kan difor vere behov for å skjerme seg ein dag eller to. Det er ingen ting til hinder for å legge sminke over.
Korleis vert behandlinga gjennomført?
Ein gel vert smurt på det aktuelle området. Når lyspulsen skytast mot huda kjennast eit lite stikk som snerten av ein gummistrikk. Ein vil og kjenne varme.
Som oftast treng ein 4-5 behandlinger om ein og ynskjer ei generell hudforbetring i form av fastare hud.
Korleis verkar behandlinga?
Raude merke og arr, sprengte blodårer og brune pigmentflekkar i solskadd hud absorberer meir av IPL-lyset og 2-3 behandlingar vil oftast vere nok. Om det er synlege blodkar av ulik storleik over større område som t.d. heile kinnet, må ein pårekne 3-5 behandlingar.
IPL-lyset verkar også i djupare hudlag. Lyset vert omdanna til varmeenergi i det det når ned i laget med kollagen like under overflata. Fibroblast-cellene, som produserer elastin og kollagen, vert stimulerte gjennom varmeenergi.
Synleg effekt i form av spenstigare hud ser ein vanlegvis etter 3-4 behandlingar, men effekten varierer. Mellom dei som responderer best kan ein sjå effekt allereie etter 1-2 behandlingar.
Det er mogeleg å behandle meir effektivt einskildståande pigmentflekkar og ”spiders”. Då kan ein dekke huda rundt og skyte kun på flekken med høg energi. I slike høve er 1-2 behandlingar ofte nok.
Behandlinga kan brukast på kva for kroppsområde det skal vere, som t.d. hals, bryst , overarmer og hender.
Behandlinga kan også vere effektiv på rødming.
IPL stimulerer dei ulike laga både i overhud og underhud. Huda vert fornya samtidig som djupare vev vert tilført nyttig varmeenergi.
Behandlinga har minimalt med biverknader. Behandling av heile ansiktet tek ca 40 min. Fjerning av pigmentflekker på begge hender tek ca 30 min.
VIKTIG!
Unngå soling i 3 + 2 veker som nemnt i laser.
Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662 Epost: klin-fo@online.no www.klinikkforde.no
|