Botox (botulinumtoxin)
Både botox (botulinumtoxin) og stabilisert hs vert nytta for å glatte ut rynker, men verkemåten er heilt ulik. Botulinumtoxin og hs-produkt kan hos mange pasientar kombinerast for å få eit optimalt resultat.
|
| | Før behandling | 3 veker etter |
Botox inneheld eit toxin frå Clostridium botolinum bakterien.
Botox blokkerer nerveimpulser til små ansiktsmusklar og hindrer desse i å trekke seg sammen. På det viset vert overliggande hud glatta ut.
Botox egnar seg m.a. på ”sinterynka” mellom augebryna, i panna og på små rynker i augevinkelen.
Rett brukt skal Botox virke over små og tilsikta område og ikkje på andre nærliggande muskelgrupper. Utilsikta kan det skje, og dette er ein kjent, men sjeldan biverknad. Virketida avheng av konsentrasjon og dose. Størst konsentrasjon finst sjølsagt akkurat der middelet er deponert for så gradvis å avta til 0 over kort avstand.
Dersom middelet vert brukt ukritisk på for mange ansiktsområde kan ein få eit glatt, men mimikkfattig og unaturlig ansiktsuttrykk. For alvorlege nevrologiske tilstandar vert Botox nytta i relativt store dosar. I kosmetisk bruk, som det her er snakk om, vert berre brøkdelar av stoffet nytta og i svært fortynna form. Risikoen for biverknader er minimal når behandlinga vert utført av kvalifisert medisinsk personell.
Botox injiseres med tynnaste kanyle. Dette gir lite ubehag. Behandlinga tek omlag 15 min avhengig av kor mange område som skal behandlast.
Pasienten kan gjenoppta arbeidet umiddelbart etter behandlinga. Dei fyrste 3-4 timane etter behandlinga må ein ikkje gni eller massere området som er behandla. Deretter er det gunstig å bruke muskelen, som er blokkert, så mykje som mogleg. Det kan gå frå få dagar opptil ei veke før full effekt inntrer.
|
| | Før behandling
| 12 dagar etter
|
Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662 Epost: klin-fo@online.no www.klinikkforde.no
|