Framside

 Konsultasjon

 Prisliste

Laser & IPL

 Bildegalleri

 Pasienten fortel


Kirurgisk behandling

Stripping er ein over 100 år gammal og velprøvd metode og er framleis i utstrakt bruk. I tillegg vert det oftast utført ein del kirurgisk fjerning direkte over dei mest synlege åreknutane.


Kirurgisk tilgang i lysken

Døme på ein annan pasient
før og etter operasjon


Ved stripping vert vena trekt ut og fjerna ved hjelp av ein såkalla strippar. Dette er ein elastisk sonde, eller streng. Som ved laserbehandling er det oftast lårdelen av vsm som vert behandla. Ein må legge eit snitt i lysken og eit lite snitt på innsida av kneet. På sjukehus vert både ryggbedøving og narkose nytta. Sjukemelding er som oftast naudsynt.

Andre venesegment enn vsm kan og vere aktuelle for stripping.

På Klinikk Førde utfører vi stripping i lokalbedøving der det vert bedømt som mest gunstig. Direkte kirurgisk fjerning (”lokale ekstirpasjonar”) kan gjerast i lokalbedøving. Korte snitt på nokre få mm er tilstrekkelig.


Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde
Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662
Epost: klin-fo@online.no   www.klinikkforde.no