Sprengte blodårer på beina
- Kjemisk sklerosering
- Utvendig laser
Sprengte blodårer eller sprengte blodkar (teleangiektasier) er omgrep som betyr det same og vert nytta om ein annan.
Kjemisk sklerosering
Denne gamle og velprøvde metoden vert hos oss mest nytta for behandling av små, sprengte blodkar frå 0,5 - 2 mm i diameter, men vi behandlar òg mindre åreknutar og rest-åreknutar etter kirurgi – eller laserbehandling av hovedstammer.
 |
 |
|
 |
|
| Før behandling |
|
Etter behandling |
|
Sprøytesklerosering - film (6MB) |
Klinikk Førde nyttar Aethoxysklerol® (det virksomme stoffet er polidocanol).
Skum laga av Aethoxysklerol® er mest effektivt ved diameter større enn 2 - 3 mm.
Ved blodårer av mindre kaliber nyttar vi flytande stoff. Bedøving trengst ikkje.
Innsprøytinga utførast med tynnast mogeleg kanyle og pasienten kjenner hudstikket, men ellers ingenting når stoffet vert injisert i vena. Om stoff sprøytast utafor vena kjennast ein svie.
Det seier seg sjøl at dess mindre diameter på vena, dess vanskelegare er det å komme inn i vena, men Klinikk Førde har lang erfaring og høg kompetanse på dette området.
 |
 |
|
 |
|
| Før behandling |
|
Etter behandling |
|
Metode (klikk for større versjon) |
Utvendig laser
YAG-laser og diodelaser er ytterligare supplement til metodane nevnt over. Utvendig laser er hos oss mest aktuelt ved dei aller finaste årene.
Nokre klinikkar nyttar utvendig laser også ved større diametre. Denne type laserbehandling er meir smertefull dess større diameter vena har, metoden er minst like tidkrevande og ingenting tyder på at den er meir effektiv enn sprøytesklerosering. Snarare er det omvendt.
Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662 Epost: klin-fo@online.no www.klinikkforde.no
|