Framside

 Konsultasjon

 Prisliste

Laser & IPL

 Bildegalleri

 Pasienten fortel


IPL (pulslys)

Akronymet IPL står for Intense Pulsed Light. Apparatet avgir eit intenst blitzliknande lys.


Før behandling


Etter 2 behandlingar

Lyskjelden er ingen laser og lyset er i utgangspunktet breispektra, men ulike filter kan settast inn og fjerne lys under ei nedre og/eller over ei øvre bølgelengd. Den avleverte lysenergien kan såleis samlast kring eit relativt smalt bølgelengdområde og kunne avgi nok energi til å gi medisinsk effekt.

På marknaden finst i dag mange ulike lysapparat med høgst ulik kvalitet og yteevne. Apparat som yter for lite energi for å kunne gi varig effekt finst det ein del av. Mange lysapparat vert feilaktig marknadsført som laser.

Avlevert lysenergi eller intensitet målast i watt (W), lyspulsen kan ha ulik varighet og målast i millisekund (ms) og kan variere stort frå 1 – 1000 ms. Effekten er eit produkt av dei to nemnde parametrane og målast i Joule/cm2.

Desse apparata avgir ikkje ultrafiolett stråling (1 – 400 nm) og ein kan ikkje bli ”solbrent” berre av laserlys ei tid etter behandling. Likevel påverkar lys- og varmeenergien huda så den er meir sårbar om ein har vore utsett for ultrafiolett stråling i tida før behandlinga, og huda vert meir sårbar for ultrafiolett stråling ei tid etterpå.

Difor må ein ikkje utsette seg for ubeskytta naturleg eller kunstig soling 3 veker før behandling og dei første 2 vekene etterpå. Sjølbruningskrem, spraybruning eller bruningstablettar skal heller ikkje nyttast. Ein kan bli dirkete brent om laser- og lysenergien er for høgt stilt. I så fall merkast det med ein gong.

Klinikk Førde har mellom dei nyaste og beste apparata på marknaden. Dei kan nyttast kun av medisinsk personell. Vi kan tilby: Diode-laser med 810 nm, NdYAG-laser med 1064 nm og høgkvalitets-IPL.


Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde
Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662
Epost: klin-fo@online.no   www.klinikkforde.no