Framside

 Konsultasjon

 Prisliste

Laser & IPL

 Bildegalleri

 Pasienten fortel


Årsak til åreknutar

Venene har som oppgave å transportere blod frå periferien og til hø hjertehalvdel. Venene i beina skal transportere blodet mot tyngdekrafta så å si, det vil si nedafrå og oppover.

Normale (t.v.) og unormale klaffar

Normale, friske vener i beina har klaffar som fungerer som effektive einvegs-ventilar som ikkje tillet blodet å renne nedover sjøl om vi står i ro. Både dei djupe – og dei overfladiske venene har klaffar. Det er det djupe venesystemet som er det viktigaste og som står for storparten av transporten av blod oppover.

Det overfladiske venesystemet ligg i underhudsfettet og betyr mykje mindre m.o.t. transportvolum.

Åreknutar utviklar seg når klaffane i det overfladiske systemet sviktar. Desse venene ligg i laust underhudsfett og får både større diameter og sterkt auka lengde. Det siste gjer at dei blir liggande i kraftig slyng og bøy.

Lyske Bakside lår

Den sviktande vena som forsyner dei synlige åreknutane ligg som oftast djupare og kan i dei fleste tilfelle ikkje påvisast sikkert med berre klinisk undersøking.

Her kjem ultralyd-undersøking inn. Om lag 70% av pasientane med primære åreknutar har klaffesvikt i ei stor vene som går frå lysken og nedover på innsida av låret og ned i leggen (vena saphena magna). Resten har klaffesvikt i andre vener.


Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde
Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662
Epost: klin-fo@online.no   www.klinikkforde.no