Framside

 Konsultasjon

 Prisliste

Laser & IPL

 Bildegalleri

 Pasienten fortel

Cuporose ansikt / bryst

- IPL & diodelaser

Cuporose er eit begrep som nyttast i hudfaget og kan innebere små sprengte blodårer (m.a. spiders), raude flekkar og generell raudnad i kinna (”eplekinn”). Oftast er ansiktet affisert, men hals, bryst og andre område kan og ha det. Tilstanden kan behandlast med IPL eller diodelaser med god effekt. Sjå laser.


Før behandling


Etter 2 behandlingar

Små, tynne blodårer og pigmentflekkar kan fjernast med eit eller to skot med høg energi og skjerming for å beskytte huda rundt flekken. Oftast er det nok med 1-2 behandlinger. Generell raudnad er vanskelegare å behandle og krev fleire behandlingar.

Større område med synlege kar fører til blåfarging etter behandling. Store blodkar fører til verre misfarging. Behandler ein blodårer lokalisert like under auget, kan det i verste fall medføre ” blåveis” ei lita veke. Dei fleste vil få ei betydeleg varmekjensle like etter behandling. Denne avtar spontant innan eit døgn. Like etter behandlinga vert alt raudt enda raudare nokre dagar. Raudnaden avtar gradvis i løpet av 2 – 3 dagar. For kvar behandling minkar intensiteten i raudfargen.

Det seier seg sjøl at det blir dyrare for pasienten å få behandla diffus cuporose enn enkeltståande flekkar.

Behandlingsprinsippet er det same. Varmeenergien koagulerer blod og øydelegg nokre av dei blodkara som ligg ytterst i huda. Kroppens eige immunforsvar bryt ned og fjernar avfallsprodukta. Raudnaden vert redusert eller forsvinn. Kor fort dette skjer kan variere frå individ til individ.

Diodelaser er svært effektivt mot såkalla spiders, cherry-spots og pigmentflekkar.
Cherry-spots er små blodåreutvidingar synlege som små raude flekkar i huda, ofte 1 – 2 mm i diameter. Vi har laser-hovud med ulike diametre på lysstrålen ned mot 1 mm til rask og effektiv behandling av desse.

VIKTIG
Unngå soling, solarium og solbruningskrem på område som skal behandlast min 3 veker før behandling. Etter behandling og ved opphald i sol må ein bruke høg faktor (min 20), eller dekke til dei behandla områda. Tidlagast to veker etter behandling kan du eksponere deg som normalt.


Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde
Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662
Epost: klin-fo@online.no   www.klinikkforde.no