Vevskorrigering av rynker, furer og ansiktskonturar
Hyaluronsyre
Restylane
Virkestoff er hyaluronsyre (heretter kalla hs). Det kan lagast ymse sambinding mellom mange molekylar av hs. Storleiken og strukturen på molekylkjeder og partiklar kan såleis varierast.
Hs finst naturleg og med same kjemiske struktur i alle levande organismer. Fabrikasjonen skjer i reindyrka bakteriekulturar. Dette vert til slutt NASHA som står for Non-Animal Stabilized Hyaluronic Acid.
 |
| Høgre side ubehandla, venstre side rett etter behandling |
Biverknader:
Generelt er det rapportert særs få. Produkta inneheld ikkje protein og gir ikkje allergi. Sikre tilfelle er ikkje kjent trass i at fleire millionar dosar er gitt på verdsbasis i over 70 land.
Som ved all innsprøyting kan infeksjon forekomme, men er sers sjeldan. Produktet er nøye kontrollert frå fabrikken og kvar enkelt sprøyte har sitt serienr. som vert loggført. Dette vert gjort for å kunne spore fabrikasjonen i fall noko uventa skulle skje.
Virkemåte:
Hs virkar mellom anna til å binde vatn. Etter kvart som vi blir eldre reduseres mengda av hs i alle kroppens vev.
Restylane injiserast i og like under huda, bind fuktigheit og er med på å auke volumet i injeksjonsområdet. Dermed kan ein delvis eller heilt gjenopprette det tapte. Prosedyren endrar ikkje opphaveleg utsjånad. Du kan når som helst fylle på for å oppretthalde effekten.
Bruksmåte og effekt:
Produkta leverast i forsegla, sterile sprøyter i form av ein klar gel som inneheld den stabiliserte hyaluronsyra.
Som nemnd over bind gelen vatn, og dermed kan konturar jamnast og rynker glattast ut i større og mindre grad.
Kroppens eige stoffskifte vil over tid bryte ned og eliminere den stabiliserte hyaluronsyra, men som regel tek dette fleire månader. Effekten kan variere frå person til person og er avhengig av m.a. alder, hudtype, hudområde, livsstil, aktivitet og kva for nivå i eller under huda stoffet er sprøyta inn. Normalt vil ei rynkebehandling vare frå 3-6 mnd, men noko lengre i enskilde høve. Ved gjentekne behandlingar av same område vil effekten ofte halde seg lengre og lengre.
Behandlinga er rask å gjennomføre og du kan fortsette med daglige gjeremål rett etterpå.
Det er ikkje nødvendig med testing på førehand og du ser resultatet umiddelbart.
Ytterlagare informasjon kan du finne på: www.restylane.com
Klinikk Førde, Førdetunet, 6800 Førde Tlf. 57 72 04 40 eller 976 79 662 Epost: klin-fo@online.no www.klinikkforde.no
|